Hopp til innhold
Norsk

Fleire sjøfolk kan få rett til pensjon!

Arbeids- og sosialdepartementet la fredag 24. mai fram lovforslag til ny pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs. Det blir teke sikte på at lova trer i kraft med verknad frå 1.1.2020

Lovforslaget byggjer på innstillinga frå sjømannspensjonsutvalet i NOU frå 2014:17, med enkelte justeringar.

 

Den nye pensjonsordninga inneber i korte trekk:

Kravet om 12, 5 år for rett til pensjon blir reduserte til 3 år. Ved at alle med samla 3 års opptening kan få rett til pensjon, vil langt fleire få rett til sjømannspensjon pensjon enn i dag.

I den nye pensjonsordninga tener ein opp pensjon ut frå eiga inntekt. Det vil seia at kvar enkelt arbeidstakar opptener si eiga pensjonsbehaldning basert på ein oppteningssats på 6.3 prosent av inntekt opptil 12 gonger grunnbeløpet.

Noverande skiljet mellom overordna og underordna arbeidstakar blir fjerna.

Det er opptil den enkelte å velja når ein vil starta å ta ut pensjonen sin mellom 62 -70 år.

Det er òg valfri utbetalingsperiode mellom 62 og 80 år. Minste utbetalingsperiode er likevel 7 år.

Årleg utbetalt pensjon blir høgare jo seinare han blir teken ut, slik at det vil lønna seg å arbeida lenger.

Sjømannspensjonen kan fritt kombinerast med arbeid.

Pensjonsutgiftene blir finansierte løpande, og staten garanterer for pensjonsutbetalingane.

_______________________________________________________________________________

Den nye pensjonsordninga vil gjelda dagens medlemmer av pensjonstrygda som ikkje har fylt 50 år når ny lov trer i kraft, og alle nye medlemmer som blir tilsette etter lovas ikrafttredelse.

Medlemmer som har fylt 50 år når ny lov trer i kraft følgjer dei same reglane som i dag.

FacebookTwitterLinkedIn
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.