Hopp til innhold
Norsk

Rumenske sjøfolk på NIS-skip er pliktige medlemmer i MPK

Tidlegare fanst det ein avtale mellom Noreg og Romania om at rumenske sjøfolk på NIS-skip skulle behalda medlemskap i rumensk trygd, og ikkje bli medlem av den norske folketrygda. Dette medførte at dei heller ikkje skulle innrapporterast til MPK. Avtalen tredde i kraft 9. november 2011 med ei varigheit på fem år.

MPK fekk nyleg opplyst at avtalen ikkje vart forlengd, og at han derfor opphøyrde frå november 2016. Arbeidsgivarar må derfor innrapportera fartstid på rumenske sjøfolk på NIS-skip.

Det er beklageleg at denne informasjonen ikkje har komme til MPK tidlegare, slik at me har kunna vidareformidla dette til kundane våre.

FacebookTwitterLinkedIn
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.