Hopp til innhold
Norsk

Fartstidsbasert

Har du arbeidd på norske skip eller flyttbare riggar, vil du kunne ha rett til ein tidleg alderspensjon for sjømenn i perioden mellom 60 og 67 år. For å få rett til pensjon må du som hovudregel ha minst 150 betalte fartsmånader til sjøs.

 

Innbetaling av premie for kvar fartsmånad til sjøs

Både du og arbeidsgivaren din betaler inn pensjonspremie. Begge delar er bidrag til pensjonen din. Arbeidsgivarpremien utgjer 3,3 prosent av bruttoinntekta di, mens storleiken på premien din som arbeidstakar avheng av kva stilling/lønsnivå du har, og kor mange dagar du arbeider per månad. Arbeidstakarpremien blir endra kvart år som følge av reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda. Arbeidsgivaren din er ansvarleg for at riktig arbeidstakarpremie blir trekt av løna og betalt inn til oss.

 

Krav om 150 fartsmånader (12,5 år) for rett til pensjon

Du må normalt ha minst 150 fartsmånader til sjøs for å få rett til sjømannspensjon. Dersom du har mellom 12 og 149 fartsmånader, kan tenestetid i følgjande ordningar telje med for å nå kravet om 150 fartsmånader for rett til pensjon:

  • pensjonstrygda for fiskarar
  • offentleg tenestepensjonsordningar om bord på skip (SPK eller KLP)
  • vernepliktsteneste avslutta før 1981 dersom avteninga tok til innan 6 månader etter utløpet av pensjonsgivande teneste eller maritim skolegang
  • tenestetid på øvrige EU/EØS-lands skip
  • Tenestetid i desse ordningane tel likevel ikkje med når det gjeld utrekning av storleiken på pensjonen.

 

Pensjonsalder

Du har rett til pensjon frå 60 år dersom du har tent opp minst 120 fartsmånader etter at du fylte 40 år. Pensjonsalderen aukar med ein månad for kvar annan månad du manglar på å ha tent opp 120 månader etter fylte 40 år. Dersom du ikkje har noko fartstid etter 40 år, blir pensjonsalderen 65 år.

 

Krav om å ha slutta i sjøtenesta

For å ha rett til sjømannspensjon før fylte 62 år må du ha slutta å arbeide til sjøs. Du kan heller ikkje arbeide på utanlandske skip. Tilsettingsforholdet må vere avslutta, og du kan ikkje ta imot løn, feriepengar, fritidskompensasjon eller sjukepengar frå folketrygda for sjukdom som har inntreft i den pensjonsgivande perioden. Vi godtar likevel vikariat til sjøs i inntil tre månader i løpet av ein 12 månaders periode. Etter at du har fylt 62 år, gjeld ingen slike avgrensingar i retten til å få sjømannspensjon. Du kan da arbeide så mykje du ønsker til sjøs utan at du mistar retten til sjømannspensjon.

 

Utrekning av sjømannspensjon

Den årlege pensjonsutbetalinga di blir utrekna ved å gonge talet på pensjonsgivande fartsmånader med dei pensjonssatsane som gjeld på det tidspunktet du tar ut pensjon.  Det er ulike pensjonssatsar for fartstid opptent som overordna eller underordna.  Det blir utrekna pensjon for maks 360 fartsmånader.

 

Eingongsutbetaling

Dersom du ikkje har nok fartsmånader for rett til pensjon, kan du på visse vilkår få rett til ei eingongsutbetaling dersom du har mellom 36 og 149 betalte fartsmånader. Det er eit vilkår at du har nådd pensjonsalderen din, at du ikkje tar imot 100 prosent uføretrygd, arbeidsavklaringspengar eller offentleg AFP frå folketrygda, og at du har slutta å tene opp pensjonsgivande fartstid. Eingongsbeløpet utgjer 2/3 av ein årspensjon som blir rekna ut på grunnlag av dei pensjonsgivande fartsmånadene du har tent opp hos oss.

 

Inntektsprøvd pensjonstillegg

Du kan ha rett til eit tillegg til pensjonen dersom du har tent opp minst tre år med pensjonsgivande fartstid i løpet av dei fem siste åra før du tar ut pensjon. For å få tillegget må den pensjonsgivande inntekta di ved sida av pensjonen vere under to gonger grunnbeløpet i folketrygda. For deg som er fødd i perioden 1955—1959, utgjer dette tillegget 8 prosent av bruttopensjonen din. For deg som er fødd mellom 1960 og 1964, utgjer tillegget 5 prosent av bruttopensjonen din.

 

Stans i sjømannspensjon

Sjømannspensjonen stansar ved fylte 67 år, eller frå det tidspunktet du tar imot arbeidsavklaringspengar, 100 prosent uførepensjon eller 100 prosent offentleg avtalefesta pensjon frå folketrygda (AFP).

 

Sjømannspensjon mellom 55 og 67 år

Dersom summen av alderen din og fartstida di utgjer 80 år eller meir, og du har slutta å jobbe til sjøs, kan du søke om pensjon inntil fem år før fylte 60 år. Pensjonen blir sett ned med 0,7 prosent for kvar månad du tar ut pensjon før du har fylt 60 år. Dersom du for eksempel tar ut pensjon når du er 55 år, vil pensjonen din bli redusert med 42 prosent. Denne reduksjonen varer så lenge du tar imot pensjon frå oss. Du vil heller ikkje ha krav på pensjonstillegg frå oss dersom du tar ut redusert pensjon.

Du kan ikkje søke om å få redusert pensjon lenger tilbake enn tre månader frå søknadstidspunktet. Det er ein føresetnad for å få redusert pensjon at du har minst 120 fartsmånader etter fylte 40 år.

Det er ikkje høve til å ta vikariat mens ein tar imot redusert pensjon.

 

Du kan også lese om pensjonsordninga i brosjyren vår:

Bokmål – Pensjonsordningen for arbeidstakere til sjøs

Nynorsk- Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs

English- Pension scheme for seagoing personnel

 

Søk om pensjon

Du kan søke om pensjon ved å logge deg inn i medlemsportalen og velje fanen «søk om pensjon». For å logge inn i medlemsportalen klikk her.

 

 
Design og utvikling: Design Container
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.