Hopp til innhold
Norsk

Inntektsbasert

Har du arbeidd på norske skip eller flyttbare riggar, kan du ha rett til alderspensjon for arbeidstakarar til sjøs frå 62 år. Er du i arbeid til sjøs, tener du opp pensjonsrettar i alle år fram til du er 70 år. Ved 3 års opptening får du rett til pensjon.

 

Innbetaling av premie

Både du og arbeidsgivaren din betaler inn pensjonspremie. Begge delar er bidrag til pensjonen din. Arbeidsgivarpremien utgjer 3,3 % av bruttoinntekta di, mens storleiken på arbeidstakarpremien din er 1,7 % av bruttoinntekta di om bord. Premien blir rekna kvar kalendermånad av maks 12 G (grunnbeløpet i folketrygda) av den årlege bruttoinntekta di om bord. Per 1. mai 2022 utgjer 12 G kr 1 337 724. Arbeidsgivaren din har ansvar for å utføre korrekt trekk av premie frå løna di og for å betale vidare til oss.

 

Krav om 3 års oppteningstid for rett til pensjon

Du må normalt ha minst 3 år med oppteningstid til sjøs for å få rett til sjømannspensjon. Tenestetid på andre EØS-lands skip tel med for å oppfylle 3 års kravet for rett til pensjon, men gir ikkje grunnlag for opptening av pensjon.

 

Pensjonsalder

Du kan starte uttak av pensjonen frå og med månaden du fyller 62 år og til og med den månaden du fyller 70 år. Det vil seie at du fritt kan velje når du vil starte pensjonsuttaket i denne perioden. Du kan fritt kombinere arbeid og pensjon, og du tener opp nye pensjonsrettar fram til du fyller 70 år.

 

Kor lenge kan du få utbetalt pensjon?

Du kan få utbetalt pensjon frå du fyller 62 år til fylte 80 år, men du kan ikkje velje kortare utbetalingsperiode enn 7 år. Når du først har vald utbetalingsperiode, kan den ikkje endrast.

 

Utbetalingsreglar

Pensjonen blir utbetalt tidlegast frå og med månaden etter at vedtaket om pensjon er gitt, og tidlegast frå og med månaden etter at du har fylt 62 år. Pensjonen blir utbetalt etterskotsvis den 20. i kvar månad.

Retten til pensjonsbehaldninga tar slutt når pensjonisten døyr.

 

Utrekning av pensjonen din

Den årlege pensjonen din reknast ut frå den opptente pensjonsbehaldninga di. Pensjonsbehaldninga di blir bygd opp ved å legge saman den årlege pensjonsoppteninga di. Årleg opptening utgjer 6,3 % av bruttoinntekta di om bord. Pensjonsbehaldninga di blir regulert årleg i samsvar med lønsveksten. Du får opptening for alle år om bord fram til du fyller 70 år.

Den årlege pensjonsutbetalinga di er den opptente pensjonsbehaldninga du har ved oppstart av pensjonsutbetalinga, fordelt på antalet år utbetalingsperioden skal vare.

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare og har fartstid frå før ny pensjonsordning tredde i kraft, vil verdien av denne fartstida bli lagt saman med oppteninga di etter den nye pensjonsordninga frå 1. januar 2020.

Pensjonen under utbetaling blir regulert med lønsveksten minus 0,75 %.

 

Pensjon ved uføreytingar frå folketrygda

Dersom du i perioden mellom 62 og 67 år tar imot arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda etter ein uføregrad på 100 %, har du ikkje rett til pensjon frå PTS.

Dersom du i perioden mellom fylte 62 og 67 år tar imot arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda etter ein uføregrad på mindre enn 100 %, vil du ha rett til ein forholdsmessig del av pensjonen.

 

Pensjon ved andre ytingar eller arbeid

Du kan fritt arbeide samtidig som du tar imot pensjon, utan at pensjonen blir avkorta. Vidare arbeid til sjøs gir fortsett opptening i PTS fram til 70 år.

Det er heller inga samordning av pensjonen frå PTS med alderspensjon i folketrygda, privat og offentleg AFP eller andre pensjonsordningar.

 

Du kan også lese om pensjonsordninga i brosjyren vår:

Bokmål – Pensjonsordningen for arbeidstakere til sjøs

Nynorsk- Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs

English- Pension scheme for seagoing personnel

Søk om pensjon

Du kan søke om pensjon ved å logge deg inn i medlemsportalen og klikk på fanen søk om pensjon. For å logge inn i medlemsportalen klikk her.

 
Design og utvikling: Design Container
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.