Hopp til innhold
Norsk

Spørsmål og svar

Kva skjer dersom eg ikkje søker?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Du kan miste rettane dine om du ikkje søker. Pensjon kan maksimalt bli betalt tilbake for tre år.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Dersom du ikkje har søkt om pensjon innan du fyller 70 år, blir pensjonen utbetalt i 7 år frå og med den månaden du har fylt 70 år.

 

Må eg sjølv søke om pensjon?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Ja, du må sjølv søke om pensjon. Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår. Dersom du har tent opp rettar frå oss, vil du få informasjon om rettane dine før du fyller 60 år. Du kan miste rettane dine om du ikkje søker. Pensjon kan maksimalt bli betalt tilbake for tre år.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår, i medlemsportalen visest også pensjonsbehaldninga di. Dersom du ikkje har søkt om pensjon innan du fyller 70 år, blir pensjonen betalt ut i 7 år frå og med den månaden du har fylt 70 år.

 

Korleis søker du om tilbakebetaling av premie?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Du søker på same måte som du søker om pensjon.

Du må søke før du fyller 67, for å ikkje miste retten til tilbakebetaling av premie.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Tilbakebetaling av premie gjeld ikkje i ny ordning. Dette fordi det blir gitt løpande pensjon etter tre års opptening.

 

Kor stort er tilbakebetalingsbeløpet?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Tilbakebetalingsbeløpet utgjer 2/3 av ein årspensjon rekna på grunnlag av dei pensjonsgivande fartsmånadane som er opptent.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Tilbakebetaling av premie gjeld ikkje i ny ordning. Dette fordi det blir gitt løpande pensjon etter tre års opptening.

Kva krevst for å få tilbakebetaling av premie?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Pensjonsgivande fartstid mellom 36 og 149 månader kan på visse vilkår gi rett til tilbakebetaling av premie ved oppnådd pensjonsalder. Du har ikkje rett til tilbakebetaling av premie om du får 100 prosent uføretrygd, arbeidsavklaringspengar eller offentleg AFP frå folketrygda ved oppnådd pensjonsalder. Det er også eit vilkår at du må ha slutta å tene opp pensjonsgivande fartstid.

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Tilbakebetaling av premie gjeld ikkje i ny ordning. Dette fordi det blir gitt løpande pensjon etter tre års opptening.

Korleis reknar ein ut pensjonen?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Pensjonen blir rekna ut på grunnlag av opptente fartsmånader (maks. 360) og etter forskjellige satsar for overordna/underordna før og etter 01.05.93. Pensjonssatsane er fastsett i forhold til grunnbeløpet i folketrygda (G). Frå 01.05.2022 blir pensjonen under utbetaling regulert med et gjennomsnitt av pris- og lønsveksten. Dette er i tråd med dei nye reguleringsføresegnene frå 2022.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Den årlege pensjonen din blir rekna ut frå den opparbeidde pensjonsbehaldninga di. Du tener opp 6,3 prosent av den årlege bruttoinntekta di til sjøs, opptil maks 12 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Den årlege pensjonsutbetalinga di blir den opptente pensjonsbehaldninga på uttakstidspunktet, som blir fordelt på antalet år du tar ut pensjon (minimum 7 år).

 

Kan eg tene noko ved sida av pensjonen?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Det er eit vilkår at du har avslutta tenesta til sjøs dersom pensjonen blir tatt ut mellom 60 og 62 år, men du kan ta kortvarige vikariat med hyre i inntil 3 månader i året frå det tidspunktet pensjonen trer i kraft. Du kan tene så mykje du vil på land og ta imot ordinær pensjon, men dersom du har krav på inntektsprøvd pensjonstillegg, må inntekta di ikkje overstige 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda om du vil behalde pensjonstillegget. Etter fylte 62 år kan du tene så mykje du vil på sjø/land og samtidig ta imot ordinær pensjon. Men inntekta må likevel ikkje overstige 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda om du vil behalde pensjonstillegget.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Det er ingen krav om at du har slutta til sjøs. Du kan tene så mykje du vil ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta. Du kan også ta ut pensjon og samtidig tene opp ytterlegare pensjon ved vidare arbeid til sjøs fram til du fyller 70 år.

 

Kva er pensjonstillegget?

Berre aktuelt for deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Det kan bli betalt ut eit tillegg til ordinær pensjon mellom 60 og 67 år. Det er eit vilkår for å få tillegget at du har tent opp minst 36 pensjonsgivande fartsmånader i løpet av dei siste 60 månadene før pensjonen blir tatt ut (pensjoneringstidspunktet) eller før oppnådd pensjonsalder. Berre fartstid som det er betalt arbeidstakar- og arbeidsgivarpremie for, blir rekna med. Vidare er det eit vilkår at du ikkje kan ha ei årleg pensjonsgivande inntekt som overstig 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Pensjonstillegget blir ikkje gitt til den som tar ut redusert pensjon før 60 år, sjølv om vilkåra for øvrig er oppfylte.

Får eg pensjon dersom eg er/blir ufør?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Dette kjem an på om du er helt eller delvis ufør. Du kan ikkje ha pensjon eller få engangsutbetaling samtidig med arbeidsavklaringspengar eller 100 prosent uføretrygd. Dersom du har delvis uføretrygd, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Du får ikkje pensjon dersom du får 100 % uførepensjon eller arbeidsavklaringspengar (AAP) frå folketrygda i perioden mellom 62 og 67 år. Dersom du tar imot redusert uføretrygd eller AAP i perioden, skal avkortinga av pensjonsbehaldninga di bli redusert tilsvarande.

 

Kan eg ta ut pensjon før fylte 60 år?

Berre aktuelt for deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Du kan ta ut redusert pensjon tidlegast frå 55 år dersom du har tent opp nok fartstid til at summen av alder og pensjonsgivande fartstid utgjer minst 80 år. Pensjonen blir redusert med 0,7 prosent for kvar månad du manglar på fylte 60 år. Reduksjonen er varig. Det blir ikkje betalt ut pensjonstillegg til redusert alderspensjon. Redusert pensjon blir heller ikkje gitt for lengre tid tilbake enn 3 månader før kravet er framsett. Vi gjer merksam på at redusert alderspensjon berre blir betalt ut i dei tilfella da pensjonsalderen er 60 år. Dersom du kjem inn under reglane for utsett pensjonsalder og slik har ein pensjonsalder etter 60 år, kan det ikkje bli betalt ut redusert pensjon.

Pensjonsuttak før fylte 60 fører til at du ikkje kan jobba på sjøen igjen og tena opp vidare pensjonsrett.

Altså gjeld ikkje vikarreglane for dei med redusert pensjon. Dette gjeld også etter du har fylt 62  år. Årsaka til dette, er at redusert pensjon er ment for dei som har stått i yrket lenge, og som ikkje kan eller skal arbeide meir på sjøen.

 

Kva er utsett pensjonsalder?

Berre aktuelt for deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

For deg som begynte sjøtenesta etter 1968, gjeld ein utsett pensjonsalder mellom 60 og 65 år, avhengig av kor mange månader som er opptent etter fylte 40 år.

Kor gammal må eg vere for å få pensjon?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Pensjonsalderen er 60 år for deg som har minst 120 fartsmånader (10 år) etter fylte 40 år. Før fylte 62 år er det føresett at du har avslutta tenesta til sjøs. Dersom du har mindre fartstid enn 120 månader etter fylte 40, vil pensjonsalderen din bli utsett med ein månad for kvar annan månad du manglar for å oppnå kravet om 120 fartsmånader etter 40 år. Dersom du ikkje har noko fartstid etter fylte 40, blir pensjonsalderen 65 år.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Du kan starte uttak av pensjonen frå og med den månaden du fyller 62 år og til og med den månaden du fyller 70 år. Det vil seie at du fritt kan velje når du vil starte pensjonsuttaket i denne perioden.

Er verneplikt pensjonsgivande?

Berre aktuelt for deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Nei, men vernepliktstid før 1981 kan telje med for å fylle minstevilkåret (150 månader) for rett til pensjon. Vernepliktstenesta må vere påbegynt innan seks månader etter utløpet av pensjonsgivande tidsrom eller maritim skolegang.

Er tid på utanlandsk skip pensjonsgivande?

Dersom du jobbar på utanlandsk skip for norsk arbeidsgivar og bur i Noreg, er tida om bord pensjonsgivande. Det er også mogleg på visse vilkår å bli frivillig medlem i MPK.

Er fiskarar omfatta av ordninga?

Nei. På fiske- og fangstfartøy over 100 bruttotonn er berre arbeidstakarar i sjømannsstillingar omfatta. Det gjeld ei eiga pensjonstrygd for fiskarar, som blir administrert av Garantikassa for fiskarar.

Får eg pensjon for tid på anna EØS-lands skip?

Du får ikkje pensjon, men tida på anna EØS-lands skip tel med ved spørsmål om minstevilkåret (150 månader for fartstidsbasert ordning eller 3 års oppteningstid for inntektsbasert ordning) for rett til pensjon er oppfylt. Spørsmål om du kan få pensjon frå heimlandet til skipet, vil vi ta opp med det aktuelle landet når det er lagt fram dokumentasjon på slik tid i samband med pensjonskravet ditt hit.

Kven er omfatta av Maritim pensjonskasse?

Pensjonskassen omfattar

  • norske statsborgarar
  • utlendingar med fast bustad i Noreg meld til folkeregisteret
  • statsborgarar frå andre EØS-land (tidlegast frå 1.1.94)
  • tredjelands statsborgarar busett i eit anna nordisk land (tidlegast frå 1.9.2004)

som er arbeidstakarar på skip som går inn under trygda.

Kor lang fartstid må eg ha for å få pensjon?

Du må normalt ha minst 150 fartsmånader for å få rett til pensjon. Dersom du har mellom 12 og 149 fartsmånader, kan du bruke visse typar ekstern fartstid for å nå opp til minstekravet:

  • Fartstid frå Garantikassa for fiskarar
  • Tenestetid i anna offentleg tenestepensjonsordning (f.eks. Statens Pensjonskasse) som gjeld opptening på skip
  • Vernepliktsteneste avslutta før 1981 dersom avteninga tok til innan 6 månader etter utløpet av pensjonsgivande teneste eller maritim skolegang
  • Teneste på øvrige EU/EØS-lands skip etter føresegnene i EØS-avtalen

Den eksterne fartstida di tel likevel ikkje med når det gjeld utrekning av storleiken på pensjonen.

Korleis er forholdet til ytingane i folketrygda?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Du kan ta ut ordinær alderstrygd før 67 år utan at dette påverkar pensjonen din. Du kan ikkje ha pensjon saman med arbeidsavklaringspengar, 100 prosent uføretrygd eller 100 prosent offentleg avtalefesta pensjon (AFP). Dersom du har delvis uføretrygd eller offentleg AFP, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.

Pensjonen din blir ikkje redusert ved uttak av privat AFP. Ver likevel merksam på at uttak av pensjon kan påverke retten din til privat AFP. Ver venleg og ta kontakt med ordninga som administrerer AFP-en din dersom du er usikker.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Du kan ta ut alderspensjon frå folketrygda utan at det påverkar pensjonen din frå oss. Det er heller inga samordning av pensjonen med andre tenestepensjonar som for eksempel fiskarpensjon, privat eller offentleg AFP.  Pensjonen fell bort dersom du tar imot 100 prosent uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar. Dersom du har ei gradert uføreyting, vil du få ein tilsvarande redusert pensjon frå oss.

 

Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.