Hopp til innhold
Norsk

Ny pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs trer i kraft med verknad frå 1. januar 2020

Kongen i statsråd har i dag sanksjonert Stortingets vedtak av 12. november 2019 om endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn. Endringane i pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs får verknad frå 1. januar 2020. Den nye ordninga gjeld arbeidstakarar til sjøs som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, og alle nye arbeidstakarar som byrjar å arbeida første gong til sjøs etter 1. januar 2020.

Arbeidstakarar fødd før 1. januar 1970 og har opptent fartstid i pensjonstrygda for sjømenn før 1. januar 2020 er ikkje ramma av endringane. Dei følgjer dagens reglar fullt ut.

Ny pensjonsordning i korte trekk:

  • Det blir gitt årleg opptening av pensjon i prosent av lønn. Minstekravet til opptening for rett til pensjon blir redusert frå 12,5 år til 3 år.
  • Det er valfri oppstart av pensjonsuttak mellom 62 og 70 år.
  • Det er valfri utbetalingsperiode mellom 62 og 80 år – utbetalingsperioden kan likevel ikkje utbetalast for mindre enn ein periode på sju år.
  • Sjømannspensjonen kan fritt kombinerast med arbeid.
  • Det er inga samordning mot andre ytingar eller pensjonar, bortsett frå uføretrygd og arbeidsavklaringspengar frå folketrygda.
FacebookTwitterLinkedIn
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.